ei kunstfortelling

Renate Rivedal

PODKASTEN EI KUNSTFORTELLING ER LIKE RUNDT HJØRNET

Fortellinga om Frida Kahlo innehar alle ingrediensar: stor kunst og stor dramatikk, politikk og revolusjon - og sjølvsagt også kjærlighet – både den lykkelege, men kanskje aller mest av det ulykkelege slaget.

Frida var i si tid kjend som fru Rivera – i dag er ho langt meir kjend enn sin ektemann, kunstnaren og levemannen Diego Rivera. Ho er så kjend i dag at personen og livet ho levde av og til overskugga kunsten hennar. Frida brukte seg sjølv i kunsten sin - omtrent ein tredel av kunstnarskapen hennar er reine sjølvportrett, dei aller fleste maleria var ein kommentar til livet ho levde, og i tillegg finnes det 100-vis av fotografi av ho, tatt av fotograf-kunstnarar som Manuel og Lola Alvarez Bravo, Nickolas Muray og Martin Munkacsi – som gjorde ho til eit ikon allereie i si eiga levetid.

Og i dag er ansiktet hennar på tekoppar og kaffikrus, på murveggar og t-skjorter – som kunstnar og som feminist

Podcast website

Listen in your app

Episodes

No episodes yet.